Sted: Storebø skule, Sentrum, 5392 Storebø - kultursalen Tid: 04.12.2019 18:00 - 20:00

Austevoll kommune invitera til eit inspirerande foredrag med Adrian Lund. Foredraget er i kultursalen på Storebø skule onsdag 4. desember.

Adrian Lund er hardt ramma av Tourettes, noko som inneberer mange ufrivillige lydar og bevegelsar. På tross at dette har han jobba 10 år i serviceyrket. Hausten 2016 stilte han også som deltakar i 71˚ Nord. Adrian er ekspert på å utfordra sine eigne komfortsonar og veit kva som skal til for å meistra ting i livet – på tross av dei utfordringane han har i sin kvardag.

Adrian vil fortelja med engasjement og innleving om sin veg frå mobbeoffer til foredragshaldar og deltakar i 71˚ Nord. Gjennom morosame og tøffe historier, får han det til å virka enkelt å snu motgang og negativitet.

Bli med på eit fyrverkeri av eit foredrag du også!

Foredraget startar kl. 18.00 og er gratis.

Share Share

Informasjonsmateriell om Tourettes syndrom

Denne siden benytter cookies

Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å støtte din brukererfaring. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av inforsjonskapsler.

Kontakt oss

Frankendalsveien 97
3274 Larvik

Vi er flere steder

Finn ditt fylkeslag
Webløsningen er levert av Tenk Kommunikasjon og Imaker AS