Norsk Tourette Foreining, Møre og Romsdal fylkeslag, ønsker å invitere alle medlemmar til ein flott familiehelg og årsmøte på Thon Hotel Fosnavåg.
Dato: 21.03. – 23.03.2025
Familiehelg med hotell, foredrag og badeland. Ditte blir ei fantastisk helg å få med seg, masse kjekt både for store og små!!
Fredag 21.03, innsjekk på hotellet fra kl.17 og utover.
Vi samlast på eit konferanserom på hotellet kl.20.00 for pizza.
Fylkeslaget dekker middagen dinne kvelden.
Hotellet er koselig med ein romslig lounge/bar som ein kan møtast og mingle. Ellers så får vi også disponere eit rom der ungane kan trekke seg tilbake til for å vere ilag!
Hotellet har også ein kjekk uteplass med leikeutstyr, og der er kino på hotellet.
Laurdag 22.03 spis vi frukost mellom kl.07.00-10.00, denne formiddagen blir det foredrag, meir info kjem rundt dette etter kvart.
Ellers kan en bruke dagen i Fosnavåg ilag med nye og gamle venner eller fare på badelandet. Vi har inngang til badeland både laurdag og søndag.
BADELAND: Alle står fritt til å disponere 2 dagar på Sunnmørsbadet. Her er bølgebasseng, terapibasseng, sklier, barnebasseng mm.
Utforsk Fosnavåg sentrum, mange kjekke butikkar og kafeer. Ellers har Herøy eit flott turområde med fjell og sjø for den som ønsker det.
Lørdag kveld kl.19.00 møtast vi i restauranten for middag, her blir det servert buffet for barn/ungdom (pasta, kjøttsaus, pølse, chips, lag din egen burger)
Meny for voksne vil komme etter kvart, med førehandsbestilling.
Etter middag står kvelden fritt for sosialt samvær med erfaringsutvekslingar.
Vi har likepersonar til stede.
Søndag: Frukost fra kl.07.00-11.00.
Utsjekk kl.12.00
Årsmøtet blir holdt søndag kl 11.00 på same konferanserom som fredags kvelden.
Saker for årsmøtet vil komme i egen mail.
Ellers så er vi no i en situasjon der styret vårt er svært sårbart. For å kunne fortsette så treng vi 2-3 nye styremedlemmer og 1 ekstra varamedlem. Vi kryssa fingrane for at her er nokken av dokke som ønsker å bidra så vi slepp å legge ned fylkeslaget.
Eigenandel for heile helga:
Familie inntil 4 stk på 1 rom kr 1500,-
Ekstra barn på rommet kr 200,- pr.pers
Dobbeltrom kr 1000,-
Enkeltrom kr 800,-
Med i prisen er hotellet m/frukost, badeland*2 og middagen på fredag inkludert.
Drikke er ikkje inkludert i prisen.
Middagen på laurdag betalar ein sjølv.
OBS: Husk å meld inn eventuelle mat allergier.
Påmelding til Familehelga sendes på e-post til: more_og_romsdal@ntf-fylke.no
Merk påmeldingsmail med: Påmelding Familiehelg på Thon Hotel Fosnavåg
Påmeldingsfrist: Innen 19.02.2025
Innbetales på konto 3900.35.38900 innen 20.02.2025